Vinterferie med The Main Level

Kr. 6000,- for 2 vaksne og 2 barn 24.-26. februar inkl. halvpensjon og konsert med The Main Level.

Vinterferien på Hotel Union er lagt til rette for at familien skal nyte kvalitetstid, med kjekke aktivitetar, bading og god mat. Denne veka gjer vi ekstra stas på dei yngste gjestane våre, med dei fire B-ane på plass;

  • Barneklubb
  • Barnebasseng
  • Barnedisko
  • Barnebuffé

Robin kjem på besøk og vil underhalde barna med ballongskule, ansiktsmaling, trylleshow med meir. Restaurant Fjorden tilbyr freistande barnebuffé, med populære retter for dei yngste. På barnedisko har vi det kjekt med full musikk, dans, leik og latter! Union barneklubb har også mange kjekke aktivitetar for dei yngste. Gle deg til nye vener og mykje moro!

The Main Level er boybandet frå Bergen som har fått hundretusener av fans verda over. Dei slo gjennom med singelen «Blackout», og har sidan levert hits som «My Girl», «Inside My Radio» og «A Million More». I vinterferien blir det konsert med dei på Union! Sander, Laurent og Alex frå Bergen er på kort tid blitt Norges boyband-yndlingar.

Pakkepris for familie på 2 vaksne og 2 barn inkludert opphald fredag – søndag, halvpensjon og billettar til The Main Level konsert laurdag, totalt kr. 6000,-

Tillegg for ekstra barn per døgn kr. 670,- Tillegg for ekstra senior (60+) per døgn kr. 1045,-. Betaling for ekstra personer skjer ved utsjekk.


Landingssider levert av Sorentio AS.